top of page

SKILØYPER

Er du glad i å gå på ski? I Seljord er me så heldige at me har løypelag, idrettslag og frivillige eldskjelar som står på for at me skal kunne gå på ski i flotte preparerte løyper.

Me har fleire ulike skiløyper rundt om i kommunen. Her finn du ein samla oversikt om alle våre skiløyper.



Raukleiv skianlegg Raukleiv skianlegg er Seljords nærmaste lysløype, og ca. 2,5 km frå Seljord sentrum. Her finn du lysløyper og ein liten alpinbakke.


Kivledalen I Kivledalen finn du preparerte løyper inn til Lomma. Stor parkering ved Sundsbarmvatnet

For oppdatering om løypene kan du følgje Kiveldalen løypelag på Facebook.


Svartdalsheia og Hjartdalsfjella

I Svartdal og Hjartdal finn du preparerte løyper som tar deg inn i eit mytisk og vakkert kulturlandskap og inn i fjellheimen.


Grimås Grimås løypelag arbeider for å få til turvegar og skiløyper med utgangspunkt frå Grimås. Løypelagets intensjon er at flest mogleg nyttar seg av løypene, både hyttefolk og fastbuande. Følg Grimås løypelag på Facebook for oppdateringar på når desse skiløypene er nyoppkjørte.

Parkering: Parker på parkeringsplassen i krysset opp til Grimås.


Kvambekkheia i Åmotsdal

Øverst i Åmotsdal finn du Kvambekkheia. Her er det ei rekke ulike løyper du kan velge mellom. Her finnes løyper for alle, og er for deg som vil kome deg opp i fjellheimen.




Comments


Har du spørsmål?

Ta kontakt med vår eigen Bygdeutviklar

Det kan vere alt frå bustadtilbod, arbeidsmoglegheiter, fritids- og handelstilbod, informasjon om dei ulike tettstadane og anna du har behov for å vite.

 

Kristine er imøtekommande, blid og vil hjelpe deg så godt ho kan med det du måtte lure på. Ho har god oversikt over det som skjer i bygda og jobber dagleg med å tilretteleggje for at du som vurderar å flytte hit skal få den informasjonen du treng!

Kristine ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg velkomen til Seljord!

  • Facebook
  • Instagram
274608871_4783431315068498_3048307718900725118_n.jpg

Send oss ditt spørsmål her

Våre samarbeidspartnarar

VTF.png
Seljord kommune logo_edited.png
SN_edited.png
© Copyright 2024
bottom of page