top of page
14608895_1092591754152491_8163156643144238960_o.jpg

Kristine Kleiv

Alder: 26 år

Famile: sambuar og flytta inn i vår første einebustad i Seljord sentrum i Mars 2022. 

Eg kjem frå Dalen, men har budd 7 år på Sørlandet og studera. Eg flytta heim att til Vest-Telemark og var jobbsøkar, og med eitt dukka det opp ein moglegheit eg ikkje kunne la gå frå meg.

Eg har alltid tenkt at viss eg skal flytte heim att til Vest-Telemark så må det bli Seljord på grunn av beliggenheit og den flotte naturen. Her kan du gå lange turar i fjellet eller nyte late sommardagar på stranda. 

Då eg såg at stillinga som bygdeutviklar i Seljord vart lyst ut tok eg sjansen, endeleg kunne eg oppfylle draumen å flytte til den staden eg har tenkt på så lenge.

Eg er ganske aktiv og likar å vere der det skjer. Friluftsliv og idrett er store interesser, men eg kan også sette meg ned ein kveld med strikketøyet og slappe heilt av.

Lurar du på noko kan du ta kontakt med meg her på nettsida, eller ta kontakt på Facebookprofilen: Seljord Bygdeutvikling.

bottom of page