top of page

Bu og bygg i hjarte av Telemark

Her har du ei oversikt over kva som ligg ute av hus, leilegheiter, gardsbruk, småbruk og tomter til sals i Seljord. Dersom du er på utkikk etter å leige i Seljord kan du ta kontakt med bygdeutviklaren. Ho hjelp deg med å få ei oversikt over bustader til leige.

Foto: Dag Jenssen

Sele eller leige ut bustad?

Då vil me gjerne høyre frå deg! 

Me ynskjer mest mogleg gjennomsiktigheit på boligmarknaden, derfor oppmodar me alle til å legge ut ledige boligar og tomter på finn.no, eller registrerar det gjennom våre skjema. Då vil me enklare kunne finne ein bustad til dei som søkjer det. Alt er av interesse!

Treng du hjelp til å fylle ut skjema? Kontakt oss så hjelp me deg gjerne.

Skule- og barnehagetilbod i Seljord

I Seljord kommune finn ein både barnehage i Seljord og Flatdal. Seljord barnehage ligg i sentrum med avdelingane Tussejuv og Heddeli. Barnehagen i Flatdal ligg under Flatdal oppvekstsenter.

I grunnskulesektoren finnes det to skular; Seljord barne- og ungdomsskule, og Flatdal oppvekstsenter, med avdeling skule.

I Vest-Telemark finn du også ein vidaregåande skule med eit variert studietilbod. Her finn du alt i frå studieførebuande til yrkesfaglege og praktiske fag. Vest-Telemark vgs ligg på Dalen, ein snau time unna Seljord.

Seljord ligg midt i hjarte av Telemark. Kommunen er trafikknutepunkt mot både Oslo, Bergen, Grenland og Torp. 

Mobil: + 47 977 73 840
kristine@bygdeutviklar.no
Brøløsvegen 57,
3840 Seljord

Våre samarbeidspartnarar

Vestfold og Telemark Fylkeskommune logo
Seljord Kommune logo
Seljord Næringslag logo
© Copyright 2025
bottom of page