top of page
Nyveg 3C, 3840 Seljord
Dyrskun

Dyrsku'n Arrangement AS

Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Beskrivelse

Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode campingareal, sanitærfasilitetar, grøntområde, smågater og gardstun. I løpet av sommarhalvåret er det mange arrangement på plassen som Vårmarknad, Countryfestivalen og ikkje minst folkefesten Dyrsku'n. 

 

Sidan 1866 har folk valfarta frå heile landet til den tradisjonsrike Dyrsku’n i Seljord, for å kjenne den særeigne stemninga og oppleve kulturberaren og folkefesten Dyrsku’n. Her finn du tradisjonar og innovasjon hand i hand, og du møter over 700 utstillarar innan ulike bransjar. Her finn du òg utstilling og dømming av dyr, kulturprogram med lokale og nasjonale aktørar, husflids- og handverksutstillingar, og aktivitetar du kan delta på gjennom heile helga. På Dyrsku’n kan du finne inspirasjon og produkt av høg kvalitet frå dei mange lokalmatprodusentane, med varer som er basert på norske råvarer og handlaga med kjærleik. For barnefamiliar er det eit vell av aktivitetar på heile plassen; bli betre kjent med dei norske husdyra, du kan vere med og lage mat på gamlemåten eller besøke Nordens største tivoli. Dyrsku'n startar alltid 2. fredagen i september.

Dyrsku'n Arrangement AS

Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

350 65 770

Seljord ligg midt i hjarte av Telemark. Kommunen er trafikknutepunkt mot både Oslo, Bergen, Grenland og Torp. 

Mobil: + 47 977 73 840
kristine@bygdeutviklar.no
Brøløsvegen 57,
3840 Seljord

Våre samarbeidspartnarar

Vestfold og Telemark Fylkeskommune logo
Seljord Kommune logo
Seljord Næringslag logo
© Copyright 2025
bottom of page