top of page

Barn, idrett og friluftsliv

Placeholder Image

Barnas Turlag

Ut på tur, aldri sur! Barnas Turlag Seljord er eit lokallag i Telemark Turistforening og er for barn mellom 0-12 år. Mottoet til Barnas Turlag Seljord er at det skal vere enkelt og moro! Me ynskjer å vere eit lågterskeltilbod for gode natur- og friluftslivopplevingar, samt å vere ein arena for å bli kjent med andre barnefamiliar.

Har du lyst å vere med som frivillig? Ta kontakt!

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 940 76 074
E-post: barnasturlag.seljord@dnt.no
Facebook: Barnas Turlag Seljord

Flatdal IL

Flatdal IL har ca. 150 medlem og eit bredt utval av organisert aktivitet og idrett. Idrettslaget har idrettsanlegg for bruk heile året: Langrenn, snowboard, skihopp, skating, pumptrack, volleyball, tennis, yoga, dans, voltige, fotball, symjing og luftgevær. Her er noko for alle!

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 941 66 823
E-post: post@flatdal-il.no
Nett: flatdal-il.no
Facebook: Flatdal Idrettslag

Seljord IL

Seljord IL er eit fleiridrettslag som driv med fotball, handball, ski, skiskyting, riding, friidrett og allidrett. Per nå har me 525 medlemmar.
Laget driv Raudkleiv skianlegg som er eit mykje brukt aktivitets- og friluftsområde året rundt. Ny kunstgrasbane med nytt friidrettsanlegg vart opna i 2016 og er eit fantastisk anlegg for barn og ungdom. Seljord IL driv også allidrett for barn. For meir informasjon sjå heimesida seljordidrettslag.no

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 918 96 135
E-post: post@seljordidrettslag.no
Nett: seljordidrettslag.no
Facebook: Seljord IL

Seljord Turlag

Seljord Turlag er ein del av DNT og DNT Telemark. Turlaget jobbar med å tilrettelegge og vedlikehalde stiar i kommunen. Me arrangerar også kurs og turar i løpet av året. Barnas Turlag har samarbeid med Kviteseid turlag, som også arrangerar mange samlingar i løpet av året.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 950 65 738
E-post: hansingehagen@me.com
Nett: dnt.no/telemark
Facebook: Seljord Turlag

Seljord skulemusikk

Seljord skulekorps består av eit hovudkorps, juniorar og aspirantar. Her er det mykje musikk og moro!

Kontaktinformasjon:
E-post: simon.juvik.svendsen@gmail.com
Facebook: Seljord skulemusikk

Åmotsdal IL

Åmotsdal IL er eit lite idrettslag i bygda Åmotsdal, som blei stifta i 1939. Idrettslaget driftar både ljosløypa i Skorigrendi, Berge skileik og har ansvar for badeplassen ved Vihustjønna. På Åmotsdal Grendehus finn du òg trimrom som idrettslaget står ansvarleg for.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 917 04 787
E-post: aamotsdalidrettslag@gmail.com

Har du spørsmål?

Ta kontakt med vår eigen Bygdeutviklar

Det kan vere alt frå bustadtilbod, arbeidsmoglegheiter, fritids- og handelstilbod, informasjon om dei ulike tettstadane og anna du har behov for å vite.

 

Kristine er imøtekommande, blid og vil hjelpe deg så godt ho kan med det du måtte lure på. Ho har god oversikt over det som skjer i bygda og jobber dagleg med å tilretteleggje for at du som vurderar å flytte hit skal få den informasjonen du treng!

Kristine ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg velkomen til Seljord!

  • Facebook
  • Instagram
274608871_4783431315068498_3048307718900725118_n.jpg

Send oss ditt spørsmål her

Våre samarbeidspartnarar

VTF.png
Seljord kommune logo_edited.png
SN_edited.png
© Copyright 2024
bottom of page