top of page

Grendelag/Bygdeutvikling

Langlim Grendelag

Langlim grendelag er eit lag med 90 medlem. Me er ei lita bygd med omlag 40 fastbuande. Mange av medlemma er hyttefolk og utflytta Langlimingar.
Grendelaget blir drive på dugnad og me har faste arrangement i løpet av året. Grendehuset blir mykje bruka til samankomstar som bursdagar, konfirmasjonar, dåp osv. Alle som er medlem i grendelaget har anledning til å låne huset gratis !

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 416 88 813
E-post: langlimgrendelag@gmail.com
Facebook: Langlim grendelag

Manndal Grendelag

Manndal Grendelag har medlem frå heile kommunen, men dei aller fleste er fastbuande i bygda Manndal. Me samlast på Manndal Grendehus, den gamle skulen i bygda. Me har tidlegare arrangera; Farmen laurdag, Kveld med Bodil Nordjore, Kuftekveld med Liv Sandvik Jakobsen m.m. Faste arrangement er Årsmøte, Dugnad, Vårtur og Tenning av utejoletre. Med fleire unge familiar, som har busett seg i bygda, ser me ljost på framtida for Manndal Grendelag.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 997 43 203
E-post: asbjorg.moland@gmail.com
Facebook: Manndal Grendelag

Åmotsdal Bygdeutvikling

Åmotsdal Bygdeutvikling arbeider for at Åmotsdal skal vere ein god plass å bu. Me prøvar å lage til ulike aktivitetar for å oppretthalde aktiviteten i bygda.
Me vil gjera bygda enda betre!

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 911 96 434
E-post: irene_aarbakk@yahoo.no
Facebook: Åmotsdal

Har du spørsmål?

Ta kontakt med vår eigen Bygdeutviklar

Det kan vere alt frå bustadtilbod, arbeidsmoglegheiter, fritids- og handelstilbod, informasjon om dei ulike tettstadane og anna du har behov for å vite.

 

Kristine er imøtekommande, blid og vil hjelpe deg så godt ho kan med det du måtte lure på. Ho har god oversikt over det som skjer i bygda og jobber dagleg med å tilretteleggje for at du som vurderar å flytte hit skal få den informasjonen du treng!

Kristine ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg velkomen til Seljord!

  • Facebook
  • Instagram
274608871_4783431315068498_3048307718900725118_n.jpg

Send oss ditt spørsmål her

Våre samarbeidspartnarar

VTF.png
Seljord kommune logo_edited.png
SN_edited.png
© Copyright 2024
bottom of page