top of page

Ungdom og vaksne

Placeholder Image

Seljord Hagelag

Me er eit lite lokallag under Det Norske Hageselskap, som starta opp i 1980. Me er pr. i dag 39 medlem.
Møta våre er ope for alle, også dei som ikkje er medlem av hagelaget. Me avheld stort sett møte den siste onsdagen i månaden, frå vår til haust. Me har forskjellege foredrag med gode foredragshaldarar. Me arrangerar planteloppemarknad, hagevandring og har av og til studieringar som f.eks. Pil kurs.
Me held våre møte på Røde kors huset.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 414 47 017
E-post: torill@nenett.no
Facebook: Seljord Hagelag

Seljord Husflidslag

Seljord Husflidslag er eit lite, men aktivt lag med medlem i alle aldrar. Me ynskjer å ta vare på handverkstradisjonar samstundes som me ser framover og tenkjer nytt.

Me har fast strikkekafe fyrste onsdagen i månaden kl.18.30, med kaffe/te, kaker og utlodning. Annan kvar torsdag er det spikking og god prat som står i sentrum då Seljord Spoon Club møtast på Seljord Folkehøgskule. Ung Husflid-gruppa møtast også til kreative og sosiale samlingar.

Nybyrjar eller erfaren, ung eller eldre - her er alle velkomne.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 402 05 197
E-post: lbmbirds@gmail.com
Facebook: Seljord Husflidslag

Seljord Kunstforening

Seljord Kunstforening og Kunstlåven er ein unik visingsstad for samtidskunst. Kvart år skipar me til sommarutstilling der målet er å syne eit mangfald av kunstuttrykk og av høg kvalitet.

Me arbeider for å ta vare på og auke interessa for god kunst og godt kunsthandverk og vi freistar å fremje det beste i bygdekulturen gjennom utstillingar og programopplegg retta mot ulike publikumsgrupper, inkludert barn og unge.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 936 37 965
E-post: seljordkunstforening@gmail.com
Nett: https://www.seljordkunstforening.org/
Facebook: Seljord Kunstforening

Seljord Sogelag

Seljord Sogelag har som formål å arbeide for å auke interesse og innsyn i bygda si soge frå dei eldste tider til i dag. Dette gjer ein ved å arrangere sogevandring, turar og andre arrangement.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 948 06 514
E-post: pederlindhjem@outlook.com
Facebook: Seljord Sogelag

Seljord Songlag

Me er eit blandakor med songarar frå Seljord, men også frå nabobygdene rundt. Repertoaret er veldig vidt og innanfor dei fleste sjangrar. Kvart år har me adventkonsert inni fjellhallen i Skorvefjellet.
Me er godt i gang med øving til ein countrykonsert våren 2023.

Øvingane våre har me på Granvin kulturhus kvar måndag kl 18.15.
Er du glad i å synge vil me gjerne ha deg med i gjengen vår. Du skal bli tatt godt imot!

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 905 49 745
E-post: afoldal@gmail.com
Nett: seljordsonglag.net
Facebook: Seljord songlag

Placeholder Image

Seljord folkemusikklag

Seljord folkemusikklag består av kvedere (sangere), dansere og spelemenn på hardingfele. Me treffast jamnleg kvar torsdag kveld på Granvin kulturhus, speler til dans, lærer kvarandre slåtter og kosar oss med ein kaffekopp. Me arrangerar også folkemusikk-konsertar, dansekurs, kappleikar og diverse arrangement i bygda. Følg oss gjerne på Facebook for meir info, eller ta kontakt per telefon eller e-post. Det er låg terskel for å bli med her, og me ynskjer nye medlem velkomen!

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 483 58 291
E-post: herman@gautefald@gmail.com
Facebook: Seljord Folkemusikklag

Seljord seniordans

Seljord seniordans er tilknytt Seniordans Norge. Dansane me brukar er spesielt laga for seniordans: ringdansar, linedansar, pardans i ring m.m. Musikken varierar, det kan verw alt i frå folkemusikk og tango til pop og rock.

Dansegruppa vår er eit lågterskel-tilbod. Det er lett å bli med, og lett å bli ein del av fellesskapet. Trivselsfaktoren er høg. Samveret og dansen gjev mykje glede. Me er for tida 27 medlemer. Me har fast instruktør, og lærer stadig nye ting. Ingen aldersgrense.

Det er stadig tilbod om dansesamlingar i inn- og utland. Me har hatt deltakarar på samlingar på Gol, i Portugal, Latvia, Ungarn.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 909 87 033
E-post: signe@flatdal.net
Nett: seniordans.no/dansegrupper/seljord-seniordans/
Facebook: Seljord seniordans

Åmotsdal Sogelag

Åmotsdal Sogelag blei stifta i november 2000. Laget har eit styre på 5 personar. Åmotsdal Sogelag har gjeve ut årsskriftet Øvre Annex kvart år i 20 år (2002-2021). Gjennom åra har sogelaget rydda mange gamle ferdselsvegar og hatt mange turar. Var initiativtakar til å sette opp infotavler langs Skarsvegen og har hatt ansvar for å rydde vegen frå Bitustaultjønni og til Fossheim gjennom mange år. Sogelaget har bygd brannsikkert lokalhistorisk arkiv på "skulen" i Åmotsdal og held på med registrering av diverse gamle dokument og bilder. Åmotsdal Sogelag har ei stor bildesamling.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 416 92 892
E-post: sigrun.dyrland.eidal.@gmail.com
Facebook: Åmotsdal Sogelag / Gamle bilder frå Øvre Annex

bottom of page