top of page
IMG_6206.jpg

Aud Foldal

Hei, mitt namn er Aud Foldal.

Eg kom til Seljord i 1985 og har altså budd her i 37 år. Opprinneleg er eg sunnmøring - frå Ørsta.

Mesteparten av arbeidslivet mitt har eg hatt i skulen, men no har eg blitt pensjonist. Eg har vaksne barn og tre barnebarn, men ingen av dei bur her.

 

Heile livet har eg hatt interesse for friluftsliv. Eg elskar å vere ute i naturen - til fots, på sykkel eller ski, og eg tek gjerne ein dukkert og ein symjetur når sjansen byr seg.

 

Andre interesser eg har er å danse og synge i kor. Seljord og Kviteseid leikarring er ein sosial og hyggeleg møtestad der me for det meste dansar bygdedansar, turdansar og songdansar. Vi treng fleire glade dansarar - nybegynnarar eller litt meir vidarekomne!

 

I Seljord songlag syng eg sopran, noko eg har gjort heilt sidan koret starta opp i 1988. Aldersspennet er frå 20-80 år. Repertoaret vårt er nær sagt alle sjangrar!  

Song og dans fører med seg mykje glede, godt humør, gode venner og gode opplevingar! Bli med!

 

Sjølv om eg ikkje er innfødd seljording vil eg påstå at eg er ganske “lommekjend” i bygda, både når det gjeld turar i naturen og ulike aktivitetar som finst her.

 

Ta gjerne kontakt om du lurar på noko!

bottom of page